Visjon, mål og strategiar

  • KNARVIK INDUSTRI OG MILJØ AS SI KJERNEVERKSEMD ER Å TILBY ARBEIDSRELATERTE TILTAK FOR YRKESHEMMA I FORHOLD TIL NAV OG KOMMUNEN SINE BEHOV.

    Dette betyr at:

    Vi skal aktivt integrere yrkeshemma i arbeidslivet og positivt påverka haldningar til kva dei kan tilføra arbeidsmarknaden, og bidra til at yrkeshemma får personleg utvikling og auka livskvalitet gjennom meiningsfullt arbeid.

    VÅRE TILSETTE SKAL OPPLEVE TRYGGHET, RESPEKT OG UTVIKLING. (TRU)

    Dette medfører at:

    Vi skal respektere det enkelte menneske sin integritet og eigenverd uansett vedkomande sin sjukdom, lyte eller helseproblem. Vi skal ta høgde for eit individuelle verdisystem når arbeid/aktivitet vert planlagt og gjennomført. Eit heilskapleg menneskesyn er ein viktig føresetnad for kvalitet. Vi skal respektere fysiske og psykiske og åndelege behov.

    ORDINÆRT TILSETTE OG BRUKARAR SKAL SAMHANDLE SOM LIKEVERDIGE PARTNARAR MED ULIK BAKGRUNN OG ERFARING.

    Dette betyr at vi:

    Skal ha trygghet i form av fysisk sikkerhet på arbeidsplassen. På det mellommenneskelege området skal vi skapa trygghet ved bevisst leiarskap og gode kollegiale tilhøve. Dette oppnår vi ved at vi alle er klare og forutsigbare og gjev god og tydeleg informasjon. Vi skal opptre inkluderande i forhold til våre kollegaer og snakke med kvarandre og ikkje om kvarandre.

    Vi skal leggje til rette for personleg utvikling ved å tilby relevante arbeidsoppgåver, stimulerande arbeidsmiljø, og ved å vise tillit og ansvar.

    Tiltaksdeltakarar og deira pårørande, våre kundar og samarbeidspartnarar skal kunne stola på vår teieplikt og på ein korrekt opptreden frå vår side. Alle skal føle vår tillit og at vi ikkje misbrukar andre sin tillit.

    Vi skal ha den beste kompetansen i vår region innan arbeidsrelaterte tiltak for yrkeshemma.

    VÅRE LEVERANSAR SKAL VERA KONKURRANSEDYKTIGE PÅ BÅDE PRIS OG KVALITET.

    Dette betyr at:

    Knarvik Industri og Miljø AS skal være aktiv medlem i arbeidsgjevarorganisasjonen ASVL, og elles i organisasjonar det er naturleg å være medlem i.

    I tillegg til eigenproduserte varer og tenester, kan vi vera underleverandør til det lokale næringsliv og til kommunen av varer og tenester innanfor områder som ikkje krev faglært arbeidskraft og der våre tilsette kan utføre arbeidet sjølvsendig med rettleiing av arbeidsleiar.


     

Knarvik, den 02. mars 2010

Morgan Taule