Me tilbyr arbeidsplassar for dei som av ulike grunnar treng tilrettelagt arbeid. Hjå oss er det ikkje same krav til effektivitet og inntening som på andre arbeidsplassar.
Me har avtalar med ulike offentlege instansar, og tilbyr i dag ca. 30 VTA-plassar (varig tilrettelagt arbeid). Det er og mogeleg å setje i gang andre tiltak som administrerast gjennom NAV. Me har avtale med Hordaland fylkeskommune om arbeidstrening for elevar frå vidaregåande. I tillegg kjøper Lindås kommune dagplassar.
Vår visjon er at tilsette skal oppleve trygghet, respekt og utvikling. Me skal respektere det enkelte menneske sin integritet og eigenverd. Eit heilskapleg menneskesyn er ein viktig føresetnad for kvalitet. Me skal respektere fysiske, psykiske og åndelege behov. Ordinært tilsette og brukarar skal samhandle som likeverdige partar med ulik bakgrunn og erfaring.
Verksemda er oppretta for å ivareta viktige sosialpolitiske føremål i Lindås kommune.
Forløparen til KIM AS starta opp i 1980 som ei arbeids- og aktivitetsavdeling under distriktsheim for psykisk utviklingshemma, Nordhordlandstunet. Vart omdanna til AS i 1991 med kommunal aksjemajoritetsdel, Lindås kommune saman med Frank Mohn og ein del nabokommunar. Alle aksjane vart overført til Lindås kommune i 2002 som no eig KIM AS 100 %.