Søk om VTA-plass

Varig tilrettelagt arbeid tilpassa din situasjon

Kontakt oss

Slik søkjer du om varig tilrettelagd arbeidsplass

Kven kan få tilbod om VTA?

Dersom du får uføretrygd og har behov for arbeid i ei skjerma verksamheit, kan du få tilbod om varig tilrettelagt arbeid med arbeidsoppgåver som er tilpassa deg.

Varig tilrettelagt arbeid kan vere aktuelt for deg som har, eller i nær framtid forventar å få uføretrygd, og treng særskild tilrettelegging og oppfølging. Som deltakar i Varig Tilrettelagt Arbeid er du er arbeidstakar i medhald av arbeidsmiljølova, og du får arbeidskontrakt med oss som arbeidsgivar.

Kva går arbeidet ut på?

Arbeidet skal bidra til å utvikle ressursane dine gjennom tilrettelagt arbeid, og om mogleg kvalifisere deg til ordinært arbeide ved produksjon av varer og tenester.

Du kan og få permisjon frå oss for å prøve deg på ein ordinærarbeidsplass (hospitering). Formålet med hospitering er å leggje til rette for ein overgang frå skjerma til ordinært arbeid. Du kan få permisjon for inntil seks månadar for å hospitere.

Kor lenge kan eg vere hos dykk?

Tiltaket hjå oss er ikkje tidsavgrensa. NAV skal likevel vurdere jamleg om det kan være aktuelt med andre arbeidsretta tiltak, utdanning eller ordinært arbeid.

Er arbeidet betalt?

Du får uføretrygd etter folketrygdloven, og du får oppmuntringspengar hjå oss etter eigen tariff – ASVL.

Ynskjer du arbeid hjå oss?

Kontakt ditt NAV-kontor for å søkje. Her vil du få hjelpa du treng.

Finn ditt NAV-kontor