Knarvik Industri og Miljø er ei vekstbedrift i Alver kommune. Me har mellom anna 30 VTA-plassar og utfører eit mangfald av tenester. Me har og ein rikhaldig produksjon av varer av ulike slag. Kontakt oss gjerne dersom du har behov for våre tenester, eller ynskjer å kjøpe produkt frå oss!
Me tilbyr menneske med behov for tilrettelegging arbeid med meining. Vår tanke er at alle som har ynskje om å vere i arbeid, skal få arbeid. Vår bedrift består av dyktige, blide og hyggelige medarbeidarar, med ei stor glede for jobben sin.
Vil du bli ein del av oss? Då vil me gjerne høyre frå deg!