Pakking/Montering

Kva gjer me?

Me har varierande arbeidsoppdrag i produksjonsavdelinga. Me utfører oppdrag for små og store bedrifter og organisasjonar.

Typiske oppdrag me kan gjera.

Me kan gjera ulike oppdrag. Nokre av oppdraga me gjer kan vera pakking og klargjering til distribusjon, masseutsending av post, produksjon av varer, emballering, konvoluttering, etikettering, og mykje anna. Har du ein jobb du ynskjer å setje vekk, kan me hjelpa.

Kva gjer me på KIM idag?

Idag har me fleire faste kundar som nyttar oss til pakke og monteringsoppdrag. Nokre av våre faste kundar er Würth Industrier - for Bergen Engines, Optimera, Bodoni, Hillesvåg Ullvarefabrikk, med fleire. 

Korleis nytta seg av tenesta?

Ta kontakt med oss på telefon, e-post eller via skjema under, så tek me kontakt med deg.

Tlf: 56 97 88 50 - E-post: montering@k-im.no

Kontaktskjema: