Tekstilavdeling

Kva gjer me?

Me lagar ulike produkt med garn frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, som mellom anna, gryteklutar, sitjeunderlag, vesker, sokkar, sjal, ponsjo mm. Me vever filleryer, gjerne på bestilling.

 

På broderingsmaskina vår, kan du få brodert på navn, på tildømes bunadsposer, arbeidstøy m.m.

 

I tillegg til å produsere eigne produkt, pakkar me garn for Hillesvåg Ullvarefabrikk og lagar urner til Bergen Smådyrkrematorium.

Kor kan eg kjøpa produkt de produserer?

Me har ein eigen butikk der ein kan kjøpa våre produkt. I butikken vår kan du og kjøpa eit lite utval varer frå våre systerbedriftar Aufera og Gløde der me mellom anna sel lefser, knekkebrød og syltetøy frå Aufera og glasprodukt frå Gløde.

Nokre av produkta våre er også til sal hjå andre bedriftar som Lyngheisenteret, Holmeknappen, Fedje landhandleri m.m.

 

Kom gjerne innom for å sjå på det store utvalet me har.

 

KIM-butikkens åpningstider er:

Ma. 08:00 - 15:30

Ti. 08:00 - 15:30

On. 08:00 - 15:30

To. 08:00 - 15:30

Fr. 08:00 - 15:30

Lø. Stengt

Sø. Stengt