Sikkerhetsmakulering

Sikker handtering av ditt personvern

Kva gjer me?

Rydding i gamle arkiv, sensitive papir, GDPR ? Me ordnar med makulering i sikra lokale, med kvalifisert personell. Me kan anten hente materialet etter avtale, eller du kan levere direkte hjå oss. For kundar kan me tilby utlån av låste behaldarar som me hentar/byttar ved behov. Me makulerer papir, permar, CD-ar, telefonar, PC-ar, etc.

Kven kan nytta våre tenester

Både bedriftar, lag, organisasjonar og private m.m. kan nytta våre tenester innan sikkerhetsmakulering.

Kva skjer med det eg leverer inn?

Umiddelbart etter me har motteke ditt materiale, startar med me å makulera. Papiret vert så sendt vidare til gjenvinning og vert så nytt papir eller papp. 

Kva kostar tenesten?

Ta kontakt med oss via skjema under, så tek me kontakt med deg og avtalar pris m.m.