Tørr og god ved

Produserer KIM veden sjølv?

Me produserer ved heile året for å passa på at du som kunde skal få god tørr ved når du treng det. Me har både bjørk og blanding/furu. Det er om lag 6 – 8 personar som har sitt arbeid her hjå oss med å produsere ved.

Kvar kjem veden frå?

Me kjøper aller helst tømmer frå bønder i Nordhordland, men og fjellbjørk frå Hallingdal. Elles får me tømmer frå NGIR, og  frå lokale entreprenørar som ryddar skog frå utbyggingsfelt. Alle som har trevirke kan kontakte oss dersom dei har tømmer å gje eller selje til oss.

Kva krav har KIM til tørr ved?

Hovudkravet er at det skal vera under 20% fukt i veden for at den skal kunne leggjast for sal. Brennverdi ved 20% fukt er nesten lik for vår to hovudtreslag, men furu treng litt meir trekk for å brenne godt enn furu.

Bjørk 2570 kWt/ fm3.

Furuved 2260 kWt/ fm3

 

For mer informasjon om norsk vedstandard, trykk HER

Korleis bestilla ved?

Du bestiller enkelt via kontaktskjema under. De kan og ringe 56978850 eller 48891114. Me transporterer veden til din bustadsadresse i Nordhordland og i Bergensområde. Mot eit mindre tillegg pr sekk kan me og bære veden inn i bod/ garasje og liknande.

ved@k-im.no

 

Vedprisar hausten 2022

Me opplever for tida uvanleg stor etterspurnad frå kundar som ynskjer å stå på ei bestillingsliste for ved. Pågangen er diverre langt større enn kva me klarer å levere innan rimeleg tid. Me arbeider ut frå ein plan om at alle som har bestilt ved før 27 juli, skal få veden innan utgangen av september. Me er  trygge for at me har ved på lager til desse kundane.

 

De som har bestilt ved etter 28 juli:

Desse kundane vil kunne risikere å vente noko lengre for å få veden levert – i den grad me klarar å skaffe nok! Me har noko eigenprodusert tømmer som skal produserast i løpet av hausten, og det er framleis mogleg å få tak i god bjørkeved frå Litauen. Utfordringa er prisen på denne veden. Straumprisar påverkar vår produksjonskapasitet, og innkjøpsprisen på bjørkeved frå Litauen styrer vår pris ut til kunden.  

 

Prisen for ved er no (sjå gjeldande prisoversikt) pr sekk med 40 l tørr bjørkeved. Me forventar høgare prisar ut over i seongen.

Me vil ringe alle våre kundar seinast dagen før levering. Då vil ein få nøyaktig pris pr sekk ut frå gjeldande pris. Har du i mellomtida skaffa deg ved frå anna leverandør, så send oss gjerne ei melding om dette så snart som råd. Då kan andre rykke litt fram i køen! Send melding til ved@k-im.no

 

 

Prisar på vedtenesta

  • Bjørkeved 40L 110,-

  • Blandingsved 60L Me er tom for blandingsved pr dd

  • Opptenningsved 50,-

  • Ukurant 60L kapp og endestykker 70,-

  • Ukurant 60L Klosseved 60,-

  • Levering Varierer på avstand og bom

  • Bæring ved lenger enn 10m 10,- pr.sekk